• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    05.10.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6370662
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Miljøterapeut/miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Det er oppretta ei avdeling på Leikanger og me treng fleire tilsette. Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk.  

Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar. Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter. 

Vi har ledig ei 60 % fast stilling med langvakt som miljøterapeut/ miljøarbeidar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger. Det er lagt opp til arbeid i turnus, med vakter 4. kvar helg. Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett. 

Me oppmodar menn til å søkje. Det blir gjennomført intervju i veke 42. 

  

Arbeidsoppgåver og ansvar: 

· Målretta miljøarbeid og miljøterapi

· Praktisk bistand i daglege oppgåver

· Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta 

· Medikamenthandtering

· Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk 

  

Kvalifikasjonar: 

· Bachelor innan helse og sosialfag 

. Autorisert helsefagarbeidar 

· Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan psykisk helse/rus vil vere eit føremon

· Førarkort klasse B 

· Gode norsk kunnskapar 

· Politiattest av nyare dato ved tilsetting 

  

Personlege eigenskapar: 

· Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig 

· Har god relasjonskompetanse.

· Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar

· Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar.

· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt. 

Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø. 

Me tilbyr: 

· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging

· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar

· Eit godt arbeidsmiljø

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Løn etter tariffavtale 

  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    05.10.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6370662
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune