Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
31.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6630129Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I vakre Skei på Jølster, ved breidda av Jølstravatnet, har Skei heimeteneste no ledig stilling.
Vi har som mål å vere ei teneste i utvikling, der pasient og fagleg fokus står sentralt. Vi likar strukturerte og effektive dagar, men og at det er rom for latter og god prat i pausane. Målet vårt er å finne dyktige og trivelege personar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg? Vi håpar det og at du vart litt nysgjerrig no.
Vi har ledig:- 100 % vikar stilling som sjukepleiar i perioden 15.08.2026 - 15.08.2027
Stillinga har langvakter med jobb kvar 4.helg. 2-delt turnus.
Søkar må ha:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- førarkort
Vi søker etter deg som:
- har fokus på pasientane og fagleg kvalitet
- er fleksibel og likar utfordringar
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- taklar å jobbe i ulike avdelingar
- har interesse for demensomsorg
- har interesse for velferdsteknologi
- er nytenkande og kreativ
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- drivande godt arbeidsmiljø
- god og tilstadeverande leiing
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Søkar må legge fram gyldig politiattest ved start i stilling.
Spørsmål kan rettast til Einingsleiar Heidi Husetuft, 90 18 94 60
Du søker elektronisk, velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
31.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6630129Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune