Ledig stilling

Ål Kommune

100 % fast stilling som sjukepleiar - avdeling Stugu

Offentlig forvaltning

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ønskjer å vere med å utvikle gode omsorgstenester innan geriatri og demens?

Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?

Då vil me ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Arbeidsoppgåver sjukepleiar

  • sjukepleiarfaglege prosedyrar og kliniske oppgåver.
  • ivareta pasientane sine behov og mål i samarbeid med pasienten sjølv og pårørande.
  • observere, planlegge, gjennomføre og evaluere pleie og medisinsk behandling i samarbeid med kollegaer, lege, ergoterapeut og fysioterapeut.
  • dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
  • klinisk rettleing av medarbeiderarar og studentar.
  • deltaking og ansvar for legevisitt etter vaktplan.
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid.
  • enkelt laboratorearbeid.
  • gje god kollegastøtte i kvardagen.
  • bidra til å skape godt fagmiljø.

Me søkjer deg som:

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar\vernepleier, gjerne med relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens)
  • har gode norskkunnskapar, minimum B2- nivå og datakunnskapar
  • vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass
  • trivst med faglege utfordringar
  • bidreg til at brukarar blir fagleg, individuelt ivareteke og arbeider aktivt for å auke deira eigenmeistring og livskvalitet
  • er god på å motivere og rettleie.
  • evnar å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor, arbeidsglede og lojalitet.
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert 

  Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt

 Me tilbyr

  • todelt turnus (eigen nattevaktsturnus)
  • kalenderplan med moglegheit for langvakter
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll
  • fadderordning.
  • Rabattert pris på treningssenter.
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, rekruttere og behaldetillegg
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å skaffe bustad

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

Velkomen som søkjar!