• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    01.03.2022
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4277728
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 08.02.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Sjukepleiar 50% fast ved demensavd. på Sundheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? 

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møta pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids- og langtidspasientar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Ønskjeleg med erfaring frå sjukeheim og erfaring med demente brukarar

Personlege eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskje
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

Anna:

  • Stillinga inngår i årsplan. Stillingsprosenten kan eventuelt aukast noko med timebank.
  • Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 35 000,- over sentral garantiløn 

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    01.03.2022
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4277728
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 08.02.2022