Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.03.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4277728Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 08.02.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Sjukepleiar 50% fast ved demensavd. på Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møta pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids- og langtidspasientar.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
- Sjukepleiarfaglege oppgåver
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Ønskjeleg med erfaring frå sjukeheim og erfaring med demente brukarar
Personlege eigenskapar:
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskje
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du er open for nye utfordringar
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Anna:
- Stillinga inngår i årsplan. Stillingsprosenten kan eventuelt aukast noko med timebank.
- Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 35 000,- over sentral garantiløn
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.03.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4277728Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 08.02.2022