Ledigt jobb

Stavanger Kommune

Ringevikar i barnehagen

Ombo barnehage har ei avdeling og i barnehageåret 2024-2025 har vi 14 barn i alderen 1-5 år.

Nå treng vi fleire dyktige ringevikarar. Som ringevikar tar vi kontakt med seg dersom vi treng ekstra bemanning grunna fravær i personalet. Vi treng både deg som kan jobbe nokre timar ein dag, og deg som kan jobbe heile og fleire dagar.

Barnehagen er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at skule og barnehage held til i same bygg. Samarbeid mellom barnehage og skule er prioritert. Leik, nysgjerrigheit og glede har vore satsingsområdet vårt dei to siste åra.

Vakre Ombo er den største øya i Stavanger kommune og ligg midt i øyparadiset Ryfylke. Her er sjø, fjell, skog og lokalt dyreliv tett på, noko som gir fantastiske moglegheiter til spennande aktivitetar for undervisning og fritid.

Du må ta båt for å komme til Ombo, enten med hurtigbåt frå Stavanger/Judaberg (Finnøy) eller med ferje frå Judaberg/Hjelmeland. Det er lagt til rette for å pendle til/frå Judaberg, og tunnelforbindelsen mellom Finnøy og Stavanger er gratis. Oppvekstsenteret ligg på Eidssund, med gå-avstand frå ferje- og hurtigbåtkai.

Kvalifikasjoner:

Erfaring frå arbeid i barnehage, med barnepass eller anna relevant arbeidserfaring vil vere ein fordel.

Du må kunne gjere deg godt forstått på norsk munnleg.

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Personlige egenskaper:

Du må vere ein positiv person som likar å vere saman med barn og som kan samarbeide med andre vaksne.

Vi søker deg som er leiken og omgjengeleg, men også deg som kan sette grenser og vere ein tydeleg, men varm vaksen i samspel med barna.


Vi tilbyr:

Vi gir deg nødvendig opplæring og informasjon.

Trivelege og givande arbeidsdagar i samspel med barn og vaksne i barnehagen.

Løn etter gjeldande tariffar.