Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
03.03.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6051522Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Lærling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om du vil bli lærling i Aukra kommune, kan vi tilby relevante oppgåver innan ditt fagfelt, tett og god oppfølging undervegs, og eit godt arbeidsmiljø der vi gir plass for alle!
Frå hausten 2025 har vi behov for lærlingar i desse faga ;
- Helsearbeidar
- Barne- og ungdomsarbeidar
Pleie og omsorg
Pleie og omsorg i Aukra kommune treng fleire helsefagarbeidarar. Når du vel å bli helsefagarbeidar kan du arbeide ved Aukra Omsorgssenter med eldre, i heimesjukepleie og ved Bergtun Bufellesskap. Bergtun er eit bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne. Kommunen treng å rekruttere fleire helsearbeidarar for å møte det aukande behovet for tenester hos innbyggarane. Pleie og omsorg i Aukra satsar på heiltidskultur, og vi lyser berre ut 100 % stillingar. Pleie og omsorgstenesta har interessante jobbar, som er i stadig utvikling og endring. Du kan vekse med oppgåvene og utvikle deg sjølv ved stadig å få meir avanserte rbeidsoppgåver, og vere med på å innføre ny teknologi i tenesta.
Barnehage
Barnehagen er inspirert av Reggio Emilia-filosofien.
Barnebo barnehage har eit stort og godt fagleg miljø, med barnehagelærarar innanfor pedagognorma og stor andel barne- og ungdomsarbeidarar tilsett.
Fagleg fordjuping dei siste åra har vore knytt til Trygghetssirkelen (COS) og fordjupinga i programmet Se barnehagebarnet innenfra.
Skole
SFO eir ein del av Gossen barne og ungdomskole, og har eit tett samarbeid med barnesteget på skolen. Aukra kommune treng fleire barne og ungdomsarbeidarar. Når du vel å bli barne og ungdomsarbeidar kan du arbeide med barn i alle aldrar, og med mange ulike oppgåver. Du kan vekse med oppgåvene og utvikle deg sjølv ved stadig å få meir avanserte arbeidsoppgåver, og vere med på å gje barn og unge ein god kvardag. SFO arbeider ut frå Rammeplan for SFO. Som fagleg fordjuping dei siste åra har SFO vore knytt til Trygghetssirkelen (COS) og fordjupinga i programmet Se barnet innenfra.
Arbeidsstad
Lærlingen får sin praksis i ein eller fleire av einingane i kommunen. Lærlingen vil få sin eigen rettleiar med kompetanse innan det aktuelle faget.
Kvalifikasjonar
Vi søker lærlingar med følgjande kvalifikasjonar:
- Fullført vidaregåande utdanning på VG2- nivå
- Vi legg vekt på karakterar og høgt nærvær
- du må ha engasjement for faget
- du må kunne samarbeide godt og
- ha gode evner til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Du viser vilje og evne til åta initiativ og har
- gode haldningar
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Søkarar med ungdomsrett vil bli prioritert om dei er kvalifisert.
Vi kan tilby
- eit godt læringsmiljø med kompetente rettleiarar og leiarar som er meistringsorientert. Vi legg til rette for fagleg utvikling
- vi legg vekt på god rettleiing og oppfølging av lærlingane i kommunen
- Lønn etter sentral hovudtariffavtale
- Eigen stipendordning for lærlingar i Aukra
- Utveksling i Europa
- •Moglegheit for å bli lærling ved Molde sjukehus 2. året
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
Som kommune ønsker vi at Aukra skal vere ein av dei beste i landet å vere lærling i!
Søknad
Vi ber om at du nyttar elektronisk søknadsskjema
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vil vi etterspørje ved eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist
Frist for å sende søknad er 3. mars 2024. Hovudinntaket av lærlingar er om våren, med oppstart av læretida i august.
Søkarliste
Søkarliste kan bli gjort offentleg. Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kontaktperson for søknad til stillingane er Anita B. Uhlen, tlf 400 61202.
Aukra kommune, i samarbeid med Romsdal opplæringskontor (felles opplæringskontor for Aukra, Hustadvika og Molde)
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
03.03.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6051522Se her for andre jobber fra Aukra kommune
-
Barnehagelærar
Aukra kommune
AUKRA -
Barne -og ungdomsarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Barnehagelærar
Aukra kommune
AUKRA -
Lærar, miljørettleiar, assistent og barne- og ungdomsarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL