Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
06.02.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4341673Se här för andra jobb från Askvoll kommune
- Uppdaterad 19.01.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Askvoll kommune
Rettleiar i NAV
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
NAV skal gje menneske mogelegheiter ved å få fleire i arbeid eller aktivitet. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement, og som ynskjer å gjere ein forskjell for andre. Du vil få meiningsfulle oppgåver og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse.
NAV Askvoll er eit partnerskap mellom Askvoll kommune og staten ved NAV Vestland. Vi er eit av seks kontor i NAV region Sunnfjord.
Frå 01.03.2022 har vi ledig fast 80% stilling som rettleiar.
Arbeidsoppgåver:
- Økonomisk rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester i NAV.
- Rettleiing mot aktivitet, arbeid og utdanning
- Aktivt samarbeid med offentlege og private instansar for å sikre god oppfølging av den einskilde i arbeid og utdanning
- Informasjon, råd og rettleiing mot NAV sine teneste
- Delta i publikumsmottak
Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar:
- Sosialfagleg utdanning eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning.
- God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye verkty.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ynskjeleg at du:
- Har erfaring frå anten NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid står sentralt
- kan skape gode arbeidsretta brukarmøte
- kan arbeide målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig, med fokus på arbeid og aktivitet
- evne til å setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg kompetanse på eiga hand
- trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr:
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
- hyggelege kollegaer
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med sosialfagleg utdanning eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning, kan det bli aktuelt å tilsetje mellombels.
Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
06.02.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4341673Se här för andra jobb från Askvoll kommune
- Uppdaterad 19.01.2022