• Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    06.02.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4341673
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
  • Updated 19.01.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Askvoll kommune

Rettleiar i NAV

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV skal gje menneske mogelegheiter ved å få fleire i arbeid eller aktivitet. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement, og som ynskjer å gjere ein forskjell for andre. Du vil få meiningsfulle oppgåver og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse.

NAV Askvoll er eit partnerskap mellom Askvoll kommune og staten ved NAV Vestland. Vi er eit av seks kontor i  NAV region Sunnfjord.

Frå 01.03.2022 har vi ledig fast 80% stilling som rettleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomisk rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester i NAV.
  • Rettleiing mot aktivitet, arbeid og utdanning
  • Aktivt samarbeid med offentlege og private instansar for å sikre god oppfølging av den einskilde i arbeid og utdanning
  • Informasjon, råd og rettleiing mot NAV sine teneste
  • Delta i publikumsmottak

Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar:

  • Sosialfagleg utdanning eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning. 
  • God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye verkty.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det er ynskjeleg at du:

  • Har erfaring frå anten NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid står sentralt
  • kan skape gode arbeidsretta brukarmøte
  • kan arbeide  målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig, med fokus på arbeid og aktivitet
  • evne til å setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg kompetanse på eiga hand
  • trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik

Vi tilbyr:

  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • hyggelege kollegaer

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.  Dersom det ikkje melder seg søkjarar med sosialfagleg utdanning eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning, kan det bli aktuelt å tilsetje mellombels.

 

  • Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    06.02.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4341673
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
  • Updated 19.01.2022