Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6704134Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Rettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønsker du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med oppfølging, sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den vi søker etter.
Som rettleiar i Nav skal du følgje opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, her under at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er kommunane i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad sitt felles Nav-kontor med om lag 60 tilsette. Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Vi er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonane i Førde, Høyanger, Dale og Hyllestad med eigen avdelingsleiar. Vi har også tett samarbeid med Askvoll og Kinn, då vi er regionkontor for Sunnfjord regionen.
Vi har ledig:
- 2x100 % fast stilling som Rettleiar; Avdeling for levekår
Arbeidsstad: Førde (Arbeid ved andre lokasjonar må påreknast etter behov, eventuelt tilpassast for deler av stillinga etter nærmare avtale).
Arbeidsoppgåver:- oppfølging av eigen portefølje etter nærmare avtale
- rettleie og motivere
- kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter
- vurdere bruk av aktuelle tiltak og verkemiddel
- samhandling internt og med aktuelle samarbeidsinstansar
- sakshandsaming etter aktuelt lovverk, m.a sosialtenestelova
- bidra til fagutvikling i eiga avdeling og i kontoret
- minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, innan sosialt arbeid, sosial og helsefag eller liknande. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, skriftleg og munnleg
- god digital kompetanse
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring med oppfølging, rettleiing og med å motivere menneske med ulike helsemessige og sosiale utfordringar
- erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg
- erfaring med kjennskap til offentleg forvaltning, t.d. sosiale tenester eller arbeidsretta oppfølging
- førarkort klasse B
- har gode relasjonsevner og samarbeider godt med andre
- har gode kommunikasjonsevner
- er engasjert, inkluderande og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- trivast med å arbeide med motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
- likar å arbeide sjølvstendig og klarar å prioritere i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- engasjerte og dyktige kollegaer, som brenn for å hjelpe menneske
- store moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns- og pensjonsvilkår, etter utdanning og tenesteansiennitet
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktinformasjon:
Magne Kjetil Berg, NAV-leiar, 992 41 911 / Magne.Kjetil.Berg@nav.no
Kjersti Erichsen, assisterande einingsleiar/avdelingsleiar levekårsavdelinga,
Tlf: 996 36 451 Kjersti.Erichsen@nav.no
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og våre fagområde. Vår visjon er å gje menneske mogelegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar over heile landet. Vi arbeider tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet være prega av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrar difor kandidatar med ulik
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6704134Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune