Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
06.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6685321Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Lønnskonsulent - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ha ein nøkkelrolle i å sikre at tilsette får rett lønn til rett tid?
Gol kommune søkjer ein dyktig og ansvarsbevisst medarbeidar til lønns- og personalavdelinga. Vi ser etter deg som har god forståing for lønnsfaget, trivst med nøyaktig arbeid og ønskjer å bidra til at lønnsprosessane våre held høg kvalitet og fungerer smidig i kvardagen.
Som lønnsmedarbeidar hos oss får du ansvar for sentrale oppgåver innan lønnsområdet, frå registrering og kontroll til oppfølging og rettleiing av leiarar og tilsette. Du vil spele ei viktig rolle i å sikre korrekt lønnsutbetaling, etterleving av lov- og avtaleverk og god støtte til organisasjonen i spørsmål knytt til lønn og personalforvaltning. Du blir ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø på Gol. Vi samarbeider blant annet med de andre kommunane i Hallingdal om lønn og personalfaget.
Samstundes som drift og kvalitet står i sentrum, er vi opptekne av kontinuerleg forbetring. Du vil derfor få moglegheit til å bidra i utvikling av rutinar, digitale løysingar og arbeidsprosessar som gjer tenestene våre endå betre for både leiarar og tilsette.
På avdelinga er vi to lønnskonsulentar, ein personalkonsulent og ein fagleiar som arbeider tett saman for å levere gode tenester til organisasjonen. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø prega av høg fagkompetanse, rausheit og godt samarbeid, og vi ser fram til å ønskje ein ny kollega velkomen inn i teamet vårt!
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna få ansvar for å:
- lønnskøyring og kvalitetssikring av lønnsgrunnlag
- registrering og oppfølging av lønn, fråvær, refusjonar og ferie
- sikre korrekt behandling i tråd med lovverk, tariffavtalar og kommunale reglar
- avstemme, sende A-melding og køyre årsoppgjer
- rettleiing og støtte til leiarar og tilsette i lønns- og personalspørsmål
- arbeid i Visma HRM og oppfølging av digitale lønnsprosessar
- bidra til utvikling og forbetring av rutinar og arbeidsprosessar innan lønn
Kvalifikasjonar
- bachelorgrad innan lønn, økonomi, rekneskap eller liknande
- utstrekt relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi ser etter deg som:
- har erfaring frå lønnsarbeid, gjerne innan kommunal sektor
- har kunnskap om lov- og avtaleverk knytt til lønn, arbeidstid og fråvær
- arbeider nøyaktig, strukturert og sjølvstendig
- har god tal forståing og auge for kvalitet og detaljar
- trivst med å rettleie og yte god service
- er komfortabel med digitale verktøy, gjerne Visma HRM
- bidreg positivt til samarbeid, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø
Erfaring frå lønnsarbeid, Visma system og brukarstøtte vil vere ein fordel, men viktigast er at du har interesse for fagområdet og ønskje om å utvikle deg vidare. Personleg eigenheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver med stor betydning for organisasjonen
- moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas lønns- og HR-tenester
- fleksibel arbeidstid og god balanse mellom jobb og fritid
- støtte og fagleg rettleiing frå dyktige kollegaer
- eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med høg grad av samarbeid
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- gratis trening
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Slik søkjer du
Vi ønskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadsskjema. Dersom du blir innkalla til intervju, ber vi om at du tek med godkjende kopiar av vitnemål og attestar.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
06.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6685321Se her for andre jobber fra Gol kommune
-
50 % prosjektstilling innan digital heimeoppfølging og e-helse
Ål Kommune
ÅL -
HMS- og kvalitetskoordinator 100 % stilling
Jarle Tveiten Transport AS
NORHEIMSUND -
Barnehagelærar i Fosshagen utdanningsbarnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Assistent/fagarbeidar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Logoped / pedagogisk-psykologisk rådgjevar
Kvam Herad
NORHEIMSUND