• Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    25.03.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6103445
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Ledigt jobb

Askvoll kommune

Rektor Askvoll skule - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Askvoll kommune søkjer ein engasjert og inkluderande rektor til Askvoll skule, ein 1-10 skule med nær 200 elevar i grunnskulen, vel 30 elevar i norskopplæring for vaksne og omlag 55 tilsette. Skulen sin administrasjonsressurs er i dag fordelt mellom rektor, assisterande rektor, avdelingsleiar for vaksenopplæring og kontorpersonale, men ein ser på nye måtar å organisere leiingsressursen på.

Å vere ei aktiv drivkraft i arbeidet med å utvikle gode pedagogiske og administrative tenester, og skape ein positiv organisasjonskultur med eit godt arbeidsmiljø for skulen sine elevar og tilsette vil stå sentralt i stillinga. Det betyr at vår nye rektor har lett for å sjå moglegheiter og løysingar, er god til å planlegge og har gode samarbeidseigenskapar og relasjonskompetanse.

Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2025

 

Krav til søkjar:


Vi søkjer ein person med godkjent lærarutdanning, helst med vidareutdanning i skuleleiing og økonomi/administrasjon/personalleiing, erfaring som skuleleiar og med interesse for skuleutvikling.

Personlege eigenskap vert vektlagt, og vi søkjer deg som:

  • er løysings- og utviklingsorientert
  • kan inspirere, syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • har gode samarbeidsevner og arbeider målretta


Skulane i Askvoll nyttar alle ulike digitale verktøy i utøving av leiaroppgåvene. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT. Nytilsette rektorar som manglar skuleleiarutdanning, må gjennomføre dette innan 4 år frå dei vert tilsett.


Vil tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk - både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk, og hjelp til å finne bustad

 

Nærare opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef oppvekst Kristen Holt, tlf. 99446068

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje -uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentiet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidstilhøva vil vere tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

  • Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    25.03.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6103445
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune