Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
25.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6103445Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Rektor Askvoll skule - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Askvoll kommune søkjer ein engasjert og inkluderande rektor til Askvoll skule, ein 1-10 skule med nær 200 elevar i grunnskulen, vel 30 elevar i norskopplæring for vaksne og omlag 55 tilsette. Skulen sin administrasjonsressurs er i dag fordelt mellom rektor, assisterande rektor, avdelingsleiar for vaksenopplæring og kontorpersonale, men ein ser på nye måtar å organisere leiingsressursen på.
Å vere ei aktiv drivkraft i arbeidet med å utvikle gode pedagogiske og administrative tenester, og skape ein positiv organisasjonskultur med eit godt arbeidsmiljø for skulen sine elevar og tilsette vil stå sentralt i stillinga. Det betyr at vår nye rektor har lett for å sjå moglegheiter og løysingar, er god til å planlegge og har gode samarbeidseigenskapar og relasjonskompetanse.
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2025
Krav til søkjar:
Vi søkjer ein person med godkjent lærarutdanning, helst med vidareutdanning i skuleleiing og økonomi/administrasjon/personalleiing, erfaring som skuleleiar og med interesse for skuleutvikling.
Personlege eigenskap vert vektlagt, og vi søkjer deg som:
- er løysings- og utviklingsorientert
- kan inspirere, syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
- har ein open og tydeleg kommunikasjon
- har gode samarbeidsevner og arbeider målretta
Skulane i Askvoll nyttar alle ulike digitale verktøy i utøving av leiaroppgåvene. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT. Nytilsette rektorar som manglar skuleleiarutdanning, må gjennomføre dette innan 4 år frå dei vert tilsett.
Vil tilbyr:
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit godt leiarnettverk - både kommunalt og regionalt
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk, og hjelp til å finne bustad
Nærare opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef oppvekst Kristen Holt, tlf. 99446068
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje -uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentiet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidstilhøva vil vere tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
25.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6103445Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2025
Giske Kommune
VALDERØYA -
Miljørettleiar i tiltak
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Den spanande jobben som rektor på Våge skule er no ledig
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Avdelingsleiar - 100% fast stilling ved Bu- og miljøtenesta - Utvida søknadsfrist
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Lærar til Angvik skule
Gjemnes kommune
BATNFJORDSØRA