Ledig stilling

Ål Kommune

Rektor

Offentlig forvaltning

Då vil vi ha deg med på laget, og saman vidareutvikle ein av Ål kommune sine gode læringsarenaer. 

Frå 01.08.26 treng Nedre-Ål skule ny rektor i 100 % fast stilling, då vår rektor over mange år går av med pensjon. 

Ål kommune har 3 barneskular og ein ungdomsskule. Nedre-Ål skule har om lag 220 elevar på 1.-7. trinn, og 60 medarbeidarar. Skulen har dyktige og engasjerte tilsette og godt og tett samarbeid med føresette. Skulen har nytt og spennande uteområde, stor gymsal, og svømmebasseng. Dette gjev mange moglegheiter for variert undervisning.

I rolla som rektor ved Nedre-Ål skule vil du ha ansvar for å sikre at våre elevar er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt. Som rektor vil du vera aktivt medverkande i å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Rektor er delegert budsjett-, økonomi- og personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver 

  • Overordna ansvar for drift og utvikling av skulen, innanfor fag, personalarbeid og økonomi.
  • Overordna ansvar for leiing og vidareutvikling av det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte og eit trygt læringsmiljø for alle elevar.
  • Vidareutvikle eit godt skule-heim-samarbeid.
  • Vera aktiv deltakar i skuleleiarforumet i kommunen.
  • Samarbeide med andre sektorar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet.
  • Pedagogisk kompetanse (formell kompetanse og/eller kompetanse opparbeidd gjennom praksis).G
  • God økonomisk forståing.
  • God digital kompetanse.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Ønska kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring som skuleleiar og/eller rektor.
  • Rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning.
  • Godkjent pedagogisk utdanning.
  • Undervisningserfaring frå grunnskule.

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og synleg leiar som utøver tillitsbasert leiing, har evne til å engasjere, involvere, motivere og inspirere til felles innsats.
  • God samhandlingskompetanse, evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar, føresette og samarbeidspartar.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Lagbyggar, raus og inkluderande.
  • Fleksibel, godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver.
  • Har gode strategiske og analytiske evner.
  • Høg arbeidskapasitet, jobbar effektivt og sjølvstendig.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø med dyktige medarbeidarar.
  • Ein arbeidsplass med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap.
  • Mentorordning og nettverk med andre avdelingssleiarar i kommunen.
  • Moglegheit til å vere med på å utvikle det samla grunnskuletilbodet i Ål kommune.
  • Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
  • Støttefunksjonar innan økonomi og personal.
  • Leiarstøtte.
  • Konkurransedyktig lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dette vil du i så fall få varsel om.

Bli med på laget - velkomen som søkjar!