Ledig stilling

Ål Kommune

Miljørettleiar / fagarbeidar / assistent

Offentlig forvaltning

Ål ungdomsskule har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast og ut skuleåret 2025/2026. Vi ynskjer ein engasjert person som kan følgje opp enkeltelevar, som kan vera synleg i elevane sitt fysiske miljø og i klasserommet med lærar og elevar etter behov. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og som tilsett vil du samarbeide med kontaktlærar om opplæringstilbodet i klasserommet.

Personlege eigenskapar

  • Er positiv, omsorgsfull og tydeleg.
  • Er strukturert og målretta i arbeidet med enkeltelevar.
  • Har godt humør og pågangsmot.
  • Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert.
  • Vera ein tydeleg rollemodell og kunne sette grenser.
  • Har evne til å sjå styrken og potensialet i elevar.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne med elevar, tilsette og føresette.
  • Kan samarbeide i team rundt oppfylgjing og rettleiing av elevar.
  • Kan samarbeide med hjelpeinstansar utanfor skulen.
  • Forebyggande arbeid med sårbare elevar og utanforskap.
  • Oppfylgjing av elevar; sosialt, personleg og fagleg.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning eller erfaring innanfor pedagogikk, helse- og sosialfag eller vernepleie.
  • Interesse for og erfaring med rettleiing av ungdom.

Me tilbyr

  • Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø.
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerte vaksne og barn.
  • Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • Pensjonsordning KLP og lønn etter HTA.

Politiattest og søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!