Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
09.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6079549Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Rådgjevar teknisk infrastruktur
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100 % fast stilling
Kommunalteknisk avdeling har ansvar for teknisk infrastruktur knytt til veg, vatn, avløp og renovasjon. Klimaendringane gjer til at ytre miljø og klimatilpassing er eit prioritert område. For å bidra til eit meir robust samfunn søkjer vi rådgjevar med relevant kompetanse og erfaring.
Arbeidsoppgåver:
• Prosjektleiing og driftsoppfølging knytt til teknisk infrastruktur
• Oppfølging av Hovudplanar for veg, vatn og avløp/ytre miljø med fokus på klimatilpassing
• Bidra til å utvikle tenestene i tråd med samfunnsutviklinga, med digitalisering og fornying
• Forvaltning og saksbehandling knytt til fagområda
• HMS/internkontroll og offentlege innkjøp
Arbeidsoppgåver kan avhenge av dei varierande behov kommunen har og søkars kvalifikasjonar.
Ønska kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning med relevant fagkrets- fagskuleingeniør, bachelor eller tilsvarande
• Brei relevant erfaring kan kompensere for utdanning
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
• God digital kompetanse
• Førekort klasse B
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi ynskjer at du:
• Har god arbeidskapasitet, er serviceinnstilt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Tek initiativ og leiar an når oppgåver skal løysast
• Har god samarbeidsevne og kan arbeide sjølvstendig
• Er løysingsorientert og analytisk
• Har auge for detaljer, men evna til å sjå verdiane av desse i heilheita og opp mot vedteke mål
Vi tilbyr:
• Varierte, samfunnsnyttige og utfordrande arbeidsoppgåver.
• Eit opent og triveleg fagmiljø med stor grad av teamfølelse.
• Fagleg utvikling og oppdatering
• Lønn etter avtale
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass
For stillinga gjeld:
Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk
Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
09.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6079549Se her for andre jobber fra Gol kommune