Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.12.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5466614Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 29.11.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Rådgjevar NAV Sogndal
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
NAV Sogndal har ledig vikariat i 100 % stilling frå 01.01.24 og førebels til 31.12.24. Vikariatet kan bli forlenga.
Me ser etter ein ny medarbeidar som er trygg på relasjonsbygging og likar å jobbe i eit framoverlent og spennande arbeidsmiljø. Hjå oss vil du vere med å bidra aktivt med å løyse NAV sitt samfunnsoppdrag. Vårt oppdrag er å bidra til auka inkludering i arbeidslivet og samfunnet elles. Me jobbar for å sikre sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid. Me held til i nye, flotte lokale på Leikanger.
Arbeidsoppgåver:- Sakshandsaming og oppfølging etter lov om sosiale tenester i NAV
- Oppfølging og rettleiing av brukarar som treng bistand for å kome i arbeid og aktivitet
- 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- God kompetanse i bruk av dataverktøy
Det er ønskeleg at du :
- Har erfaring frå sakshandsaming
- Har erfaring frå rettleiing, motivasjon og endringsarbeid
- Du har evne til å skape tillit og bygga gode relasjonar
- Du motiverer og stiller krav til brukar og samarbeidspartnarar
- Du trivest med utvikling og endring
- Du bidreg positivt til det gode arbeidsmiljøet i kontoret
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø, prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Tilsetting i tråd med kommunalt regulativ i Sogndal kommune
- Løn etter kommunalt lønsregulativ, eller etter nærare avtale
- Fleksibel arbeidstid
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.12.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5466614Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 29.11.2023