• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    12.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5466614
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 29.11.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rådgjevar NAV Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV Sogndal har ledig vikariat i 100 % stilling frå 01.01.24 og førebels til 31.12.24. Vikariatet kan bli forlenga.

Me ser etter ein ny medarbeidar som er trygg på relasjonsbygging og likar å jobbe i eit framoverlent og spennande arbeidsmiljø.  Hjå oss vil du vere med å bidra aktivt med å løyse NAV sitt samfunnsoppdrag. Vårt oppdrag er å bidra til auka inkludering i arbeidslivet og samfunnet elles. Me jobbar for å sikre sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid. Me held til i nye, flotte lokale på Leikanger.

Arbeidsoppgåver:
  • Sakshandsaming og oppfølging etter lov om sosiale tenester i NAV  
  • Oppfølging og rettleiing av brukarar som treng bistand for å kome i arbeid og aktivitet
Kvalifikasjonar:
  • 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • God kompetanse i bruk av dataverktøy

Det er ønskeleg at du :

  • Har erfaring frå sakshandsaming
  • Har erfaring frå rettleiing, motivasjon og endringsarbeid
Personlege eigenskap:
  • Du har evne til å skape tillit og bygga gode relasjonar
·       Du er effektiv og trivest med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du motiverer og stiller krav til brukar og samarbeidspartnarar
  • Du trivest med utvikling og endring
  • Du bidreg positivt til det gode arbeidsmiljøet i kontoret

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø, prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • Tilsetting i tråd med  kommunalt regulativ i Sogndal kommune
  • Løn etter kommunalt lønsregulativ, eller etter nærare avtale
  • Fleksibel arbeidstid

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    12.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5466614
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 29.11.2023