• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    16.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5909402
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 04.10.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Rådgjevar for tenesteinnhald i nytt omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å vere med å forme framtidas omsorgstenester i Sunnfjord kommune? Då er dette stillinga for deg!

Sunnfjord kommune har vedteke å bygge nytt omsorgssenter i Førde innan 2030. Det er bestemt at omsorgssenteret skal ha ca. 70 plassar og vere demensvenleg. Vi søkjer no etter ein rådgjevar som skal jobbe med kva tenester vi skal ha i det nye omsorgssenteret og i institusjonstenestene samla sett  i Sunnfjord kommune. Stillinga er 50 % i inntil 1 år, men forlenging kan bli vurdert.

Tilbodet i nytt omsorgssenter må sjåast i samanheng med det eksisterande tilbodet i kommunen, samt behovet til innbyggarane. Stillinga vil samarbeide tett med byggfagleg prosjektleiar og arkitekt.

Stillinga vert lokalisert hos fagutvikling som er ei stabseining til kommunedirektøren med kontorstad på Sunnfjord rådhus.

Vi har ledig stilling: 
  • Rådgjevar 50 % i inntil 1 år, men kan bli vurdert forlenga. 
Aktuelle arbeidsoppgåver:
  • Leie arbeidet med kva tenester vi skal ha i nytt omsorgssenter
  • Sikre forankring og drive medverknadsprosessar blant tilsette og innbyggarar i heile kommunen for å avklare kva behov vi har
  • Sikre at tenesteinnhald er i samsvar med alle relevante lover og forskrifter
  • Bidra til å skape eit omsorgssenter som blir ein attraktiv arbeidsplass med gode fagmiljø
Krav til deg som søkar:
  • Bachelor innan helse- og sosialfag, med relevant mastergrad
  • God kjennskap til lovverk og forskrifter innan helse- og omsorgssektoren
Vi ynskjer at du har erfaring med: 
  • Drift og leiing av institusjon eller tilsvarande tenester
  • Prosjektleiing
  • Medverknadsprosessar
Vi søker deg som :
  • Har evne til å skape tillit og bygge gode relasjonar
  • Er sjølvstendig i arbeidet
  • Har evne til å motivere og skape engasjement blant tilsette og innbyggarar
  • Er framtidsretta, fagleg oppdatert og engasjert, og ein pådrivar for  sikre tenester av god kvalitet
  • Er strukturert, løysingsorientert og resultatorientert
Vi tilbyr:
  • Ei spennande stilling med høve til å påverke utviklinga av omsorgstenestene i kommunen vår.
  • Et godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • god pensjons- og forsikringsordning

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Du må søke elektronisk.

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    16.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5909402
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 04.10.2024