Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
16.10.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5909402Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 04.10.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Rådgjevar for tenesteinnhald i nytt omsorgssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å vere med å forme framtidas omsorgstenester i Sunnfjord kommune? Då er dette stillinga for deg!
Sunnfjord kommune har vedteke å bygge nytt omsorgssenter i Førde innan 2030. Det er bestemt at omsorgssenteret skal ha ca. 70 plassar og vere demensvenleg. Vi søkjer no etter ein rådgjevar som skal jobbe med kva tenester vi skal ha i det nye omsorgssenteret og i institusjonstenestene samla sett i Sunnfjord kommune. Stillinga er 50 % i inntil 1 år, men forlenging kan bli vurdert.
Tilbodet i nytt omsorgssenter må sjåast i samanheng med det eksisterande tilbodet i kommunen, samt behovet til innbyggarane. Stillinga vil samarbeide tett med byggfagleg prosjektleiar og arkitekt.
Stillinga vert lokalisert hos fagutvikling som er ei stabseining til kommunedirektøren med kontorstad på Sunnfjord rådhus.
Vi har ledig stilling:- Rådgjevar 50 % i inntil 1 år, men kan bli vurdert forlenga.
- Leie arbeidet med kva tenester vi skal ha i nytt omsorgssenter
- Sikre forankring og drive medverknadsprosessar blant tilsette og innbyggarar i heile kommunen for å avklare kva behov vi har
- Sikre at tenesteinnhald er i samsvar med alle relevante lover og forskrifter
- Bidra til å skape eit omsorgssenter som blir ein attraktiv arbeidsplass med gode fagmiljø
- Bachelor innan helse- og sosialfag, med relevant mastergrad
- God kjennskap til lovverk og forskrifter innan helse- og omsorgssektoren
- Drift og leiing av institusjon eller tilsvarande tenester
- Prosjektleiing
- Medverknadsprosessar
- Har evne til å skape tillit og bygge gode relasjonar
- Er sjølvstendig i arbeidet
- Har evne til å motivere og skape engasjement blant tilsette og innbyggarar
- Er framtidsretta, fagleg oppdatert og engasjert, og ein pådrivar for sikre tenester av god kvalitet
- Er strukturert, løysingsorientert og resultatorientert
- Ei spennande stilling med høve til å påverke utviklinga av omsorgstenestene i kommunen vår.
- Et godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- god pensjons- og forsikringsordning
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Du må søke elektronisk.
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
16.10.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5909402Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 04.10.2024