Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
08.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6636336Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Prosjektleiar - Bustadutvikling i Giske kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å sikre god bustadutvikling i Giske kommune?
Vi søkjer etter prosjektleiar i 100 % stilling når Giske kommune no skal i gang med eit arbeid for å sikre god bustadutvikling i kommunen i tida framover. Ein ønskjer å auke aktiviteten i bustadmarknaden, oppnå ei berekraftig bustadutvikling, nå målsetting om innanforskap, oppretthalde bulyst og Giske som ein attraktiv bukommune – ein god plass å leve heile livet. Kommunen ønsker å utvikle nye og heilskaplege bustadløysingar, ulike sosiale buformer og fellesskapløysingar, etablering og tilpassing av ulike bustadar og utforske ulike bukonsept.
Prosjektet skal utviklast i samarbeid mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Prosjektleiar vil rapportere direkte til kommunedirektør.
Prosjektet forutset finansiering, og ein tek atterhald om at finansieringa kjem på plass.
Stillinga er ledig frå snarast og til og med desember 2027. Det kan vere aktuelt med
forlenging.
I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan fagområde som til dømes prosjektleiing, næringsutvikling eller lokalsamfunnsutvikling.
- Erfaring frå samarbeid mellom kommune, næringsliv og innbyggjarar
- Erfaring med prosjektarbeid
- Erfaring med digitale arbeidsverktøy
- Kunnskap om kommunal forvaltning er ønskjeleg
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil
Personlige egenskaper:
- Vi søkjer ein initiativrik og innovativ nettverksbyggar som får jobben gjort
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er systematisk og arbeidsam
- Sjølvstendig, effektiv og har stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- Ein utfordrande og spennande jobb med fokus på utvikling og samarbeid
- Lønn etter avtale og moglegheiter for fleksibel arbeidstid.
- God pensjonsordning gjennom KLP
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
08.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6636336Se her for andre jobber fra Giske Kommune