• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    08.06.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6636336
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Prosjektleiar - Bustadutvikling i Giske kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å sikre god bustadutvikling i Giske kommune?

Vi søkjer etter prosjektleiar i 100 % stilling når Giske kommune no skal i gang med eit arbeid for å sikre god bustadutvikling i kommunen i tida framover. Ein ønskjer å auke aktiviteten i bustadmarknaden, oppnå ei berekraftig bustadutvikling, nå målsetting om innanforskap, oppretthalde bulyst og Giske som ein attraktiv bukommune – ein god plass å leve heile livet. Kommunen ønsker å utvikle nye og heilskaplege bustadløysingar, ulike sosiale buformer og fellesskapløysingar, etablering og tilpassing av ulike bustadar og utforske ulike bukonsept.

Prosjektet skal utviklast i samarbeid mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Prosjektleiar vil rapportere direkte til kommunedirektør.

Prosjektet forutset finansiering, og ein tek atterhald om at finansieringa kjem på plass.

Stillinga er ledig frå snarast og til og med desember 2027. Det kan vere aktuelt med
forlenging.

I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.   

Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan fagområde som til dømes prosjektleiing, næringsutvikling eller lokalsamfunnsutvikling.
  • Erfaring frå samarbeid mellom kommune, næringsliv og innbyggjarar
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring med digitale arbeidsverktøy
  • Kunnskap om kommunal forvaltning er ønskjeleg
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil

Personlige egenskaper:

  • Vi søkjer ein initiativrik og innovativ nettverksbyggar som får jobben gjort
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er systematisk og arbeidsam
  • Sjølvstendig, effektiv og har stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande og spennande jobb med fokus på utvikling og samarbeid
  • Lønn etter avtale og moglegheiter for fleksibel arbeidstid.
  • God pensjonsordning gjennom KLP
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    08.06.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6636336
  • Look here for other jobs from Giske Kommune