Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
22.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6578089Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Prosjektleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med på å utvikle framtidas bygg og eigedomar i Aukra kommune?
Aukra kommune står føre fleire viktige investeringsprosjekt innan oppvekst, helse, kultur og teknisk infrastruktur. Vi søkjer no ein engasjert og dyktig prosjektleiar som vil vere med på å realisere samfunnsnyttige bygg og sikre gode løysingar for kommunen i mange år framover.
I stillinga får du ei sentral rolle i heile prosjektets livsløp – frå idéfase og planlegging, via prosjektering og byggeperiode, til overtaking og avslutning. Som prosjektleiar blir du kommunen sin representant ovanfor entreprenørar, rådgivarar og samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil mellom anna ha ansvar for
• Planlegging, organisering og gjennomføring av små og store byggeprosjekt – både nybygg og rehabilitering
• Å vere byggherren sin representant, med ansvar for framdrift, kvalitet, økonomi og HMS
• Utarbeiding og gjennomføring av innkjøpskonkurranser, inkludert konkurransegrunnlag og kontraktsoppfølging
• Samhandling med rådgivarar, entreprenørar, brukarar og interne fagmiljø
• Å bidra til utvikling av kommunen sine prosjekt- og styringssystem
• Politisk saksførebuing ved behov, og rapportering i tråd med vedtak og prosjektmandat
• Å sikre gode avgjerder for langsiktig eigedomsforvaltning og berekraftige løysingar
Vi søkjer deg som har:
• Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå (t.d. ingeniør, arkitekt, bygg, eigedom)
• Erfaring frå prosjektleiing, bygg- eller eigedomsutvikling. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
• Gjerne bakgrunn frå entreprenør-, rådgivar- eller eigedomsforvaltingsmiljø
• God kunnskap om offentlege anskaffingar og relevant regelverk
• Gode samarbeidsevner og god skriftleg og munnleg formidlingsevne
• Evne til å arbeide strukturert, planmessig og sjølvstendig
Vi ser etter ein prosjektleiar som:
• er positiv, løysingsorientert og tek initiativ
• jobbar systematisk og har god gjennomføringsevne
• er trygg i rolla og skapar gode relasjonar
• blir motivert av komplekse prosjekt og faglege utfordringar
• er framtidsretta og komfortabel med digitale arbeidsverktøy
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter.
Vi tilbyr:
• Ei spennande og samfunnsnyttig stilling i eit fagleg sterkt og utviklingsorientert miljø
• Moglegheit til å påverke og utvikle viktige kommunale bygg og tenester
• Stor variasjon i arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstende
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter avtale
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
22.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6578089Se her for andre jobber fra Aukra kommune
-
Prosjektleiarar til kommunale bygg- og infrastrukturprosjekt
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Driftsoperatør i 100 % fast stilling
Gol kommune
GOL -
Automatikar
Nortura
OSLO -
Pedagogisk leiar + barnehagelærar i Nybø barnehage
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Assisterande styrar i Nybø barnehage
Sogndal kommune
LEIKANGER