Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
07.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6570818Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Prosjektleiarar til kommunale bygg- og infrastrukturprosjekt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og utvikle Sogndal kommune gjennom gode prosjekt innan bygg, veg/anlegg og vatn/avløp?
I Sogndal kommune jobbar det over 1200 tilsette som går på jobb kvar dag for å bidra til gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane. Sogndal er ein av få distriktskommunar med vekst, og er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050.
Me har fleire spennande prosjekt innan bygg, kommunal infrastruktur, vatn og avløp, veg og anlegg, og søkjer no prosjektleiarar som kan vere med og drive desse framover.
Me ser etter deg som kan skape struktur, holde oversikt og sikre framdrift frå tidleg fase til ferdig prosjekt. Du trivst i skjeringspunktet mellom fag, gjennomføring og samarbeid, og får ting til å skje også når ikkje alt er ferdig avklart frå start.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar vil du mellom anna:
Utvikle og leie prosjekt i ulike fasar
Samhandle med fagmiljø og drift for å avklare behov og rammer
Følgje opp prosjektering og/eller gjennomføring med konsulent eller leverandør der det er nødvendig
Sikre kvalitet, økonomi og framdrift
Vere ein tydeleg og trygg bestillar i møte med konsulentar og leverandørar
Bidra til vidareutvikling av metodikk og rutinar for prosjektstyring
Vi skal ansette 3 prosjektleiarar. Arbeidsområde og prosjektportefølje vil bli vurdert ut frå bakgrunn, erfaring og samla kompetanse i søkjargruppa.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta, og som samarbeider godt med andre. Du har relevant fagforståing, evne til å setje deg raskt inn i nye problemstillingar og evnar til å følgje prosjekt frå start til slutt.
Me legg særleg vekt på at du:
Evnar å skape framdrift og halde oversikt
Arbeider systematisk og ryddig
Har gode samarbeidsevner
Er trygg i dialog med andre fagmiljø, konsulentar og leverandørar
Kan hente inn nødvendig innsikt og kontekst når grunnlaget i starten er avgrensa
Har god kjennskap og evne til å nytte data og digitale verktøy
Kvalifikasjonar
Me ser gjerne at du har:
Relevant fagbrev, teknisk fagskule eller utdanning på bachelornivå innan bygg, byggdrift, vatn og avløp, veg, anlegg eller andre relevante tekniske fag
Erfaring med prosjektleiing, byggjeleiing eller tilsvarande ansvar
Relevant praksis frå eitt eller fleire av fagområda bygg, kommunalteknikk, infrastruktur, veg, anlegg eller drift
Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Har du sterk praktisk erfaring, men manglar formell utdanning, vil me likevel gjerne høyre frå deg.
Me tilbyr
Hos oss får du varierte og meiningsfulle prosjekt, stor påverknad på utviklinga av kommunen, gode kollegaer og moglegheit for fagleg utvikling i eit sterkt lokalmiljø. Du kan forvente ein variert arbeidskvardag, der du kan kombinere ansvar med høg likvskvalitet i Sogn.
Anna informasjon
Det er krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Du må ha førarkort klasse B.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25, 2. ledd, sjølv om det er bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Søkjarar vil i så fall bli varsla før offentleggjering.
Vassforsyning er rekna som samfunnskritisk infrastruktur. Søkarar må vere budd på at me vil legge til grunn sikkerheitsmessig vurdering av aktuelle kandidatar til stillingane.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Det blir nytta seks månaders prøvetid.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
07.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6570818Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Anskaffingsrådgjevar 100% fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME -
Brannkonstabel deltid fast Dalsneset stasjon/Ågotnes stasjon
Øygarden kommune
STRAUME -
Er du vår nye Trainee innan økonomi, rekneskap eller lønn?
Fjord1 ASA
FLORØ -
Brannkonstabel 100% fast dagtid
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/ vernepleiar og helsefagarbeidar
Sunnfjord kommune
FØRDE