Company
Alver kommuneApplication deadline
04.01.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4252651Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 03.12.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Prosjektleiar 100% fast, Alver kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er det ledig 100% fast stilling som prosjektleiar ved området Investeringsprosjekt for Alver kommune.
Tenesteområdet har ansvar for gjennomføring av alle større investeringsprosjekt for Alver kommune. Vi er pr i dag 5 prosjektleiarar. Som prosjektleiar rapporterer ein til leiar for investeringsprosjekt i rådmannens stab. Alver kommune skal i løpet av dei neste 4 åra investere omkring 900 millionar i offentlege formålsbygg som skular og omsorgsbustader, idrettsanlegg, uteområder, veg-, vatn- og avløpsanlegg. Vi treng ein prosjektleiar som kan vere med å definere behov, planleggje prosjekta, førebu saksframlegg til politisk handsaming og sikre god brukarmedverkning. Du vil koordinere dei tekniske rådgivarane, samt interne og eksterne brukarar og referansegrupper. Under bygginga vil du vere kommunen sin prosjektleiar og følgje arbeidet tett. Du kan og vere byggjeleiar på dei prosjekta ein ikkje vel å bruke ekstern byggjeleiar.
Til stillinga ligg økonomi- og framdriftsoppfølging. Du må også arbeide etter reglelverk for offentlege anskaffingar og Byggherreforskrifta
Hovudoppgåvene er :
- Heilskapleg prosjektleiing frå tidleg fase til gjennomføringsfase; økonomi- og framdriftsoppfølging
- Innkjøp - Offentlege anbodsprosessar
- Byggherreansvar
- Koordinering av og samarbeid med rådgjevarar og konsulentar
- Oppfølging av kommunen sine overordna krav, planar og strategiar
- Førebu politiske saker – orienteringar knytt til prosjekta
- Bidra til godt tverrfagleg samarbeid og løysing av arbeidsoppgåver i eige område og på tvers i organisasjonen
Kompetanse
- teknisk fagskule, høgskule/bachelor eller sivilingeniør/master. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang erfaring som prosjektleiar/byggjeleiar.
- praktisk erfaring og innsikt i byggfaget og/eller infrastruktur; veg, vatn og avløp
- god kunnskap om økonomisk oppfølging og prosjektadministrasjon. Jakte på gode løysingar i anskaffinga, og kunne tenke samfunnsøkonomisk i eit livsløpsperspektiv.
- kunnskap om regelverk for offentlege anskaffingar og byggherreforskrifta
- strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet
- gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
- du likar å samarbeide med andre og er lydhør
- du balanserer prosessar, der framdrift både kan ta tid og ha høgt tempo.
- du er omgjengeleg og har godt humør
- du er kreativ og liker å finne gode løysingar
Vi tilbyr:
- Ei utviklande og sjølvstendig stilling i eit godt arbeidsmiljø saman med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer.
- løn og oppstart etter avtale
- fleksibel arbeidstid
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Høyes dette interessant ut, vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss ein søknad via heimesida vår.
Company
Alver kommuneApplication deadline
04.01.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4252651Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 03.12.2021