Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
07.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6632111Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
PP-rådgivar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å skape inkludering og meistring for barn og unge? PPT i Sunnfjord kommune søker engasjerte medarbeidarar som vil gjere ein forskjell. Vi tilbyr eit spennande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og tverrfagleg samarbeid.
PPT er kommunen si rådgivande og sakkunnige instans i spørsmål om barn og unge som har behov for spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagd opplæring i barnehage og skule. Vi samarbeider tett med, og støttar barnehagar og skular, for å gi eit inkluderande tilbod til barn og unge i aldersgruppa 0–16 år. Vi kartlegg behova til barn og elevar, og der lova krev det, utarbeider vi sakkunnig vurdering.
Vi har arbeidsstad på rådhuset i Førde og er 19 tilsette frå 25–65 med ulike utdanningar. Vi er ei gruppe aktive og engasjerte medarbeidarar som legg vekt på god brukardialog og tverrfagleg samarbeid. Vi jobbar systematisk med intern fagutvikling.
Vi har ledig stilling som:
- PP-rådgivar i skuleteamet i 100 % vikariat for skuleåret 2026/2027
Arbeidsoppgåver:
- du vil arbeide førebyggande og med tidleg innsats i skular, slik at barn og unge får moglegheit til å utvikle læringspotensialet sitt i eit inkluderande læringsmiljø
- du skal vere kontaktperson i delar av stillinga di ute på skular, med ansvar for å bidra til kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at tilbodet blir inkluderande og godt tilrettelagt, og sørge for å vere ein brubyggar mot andre tenester i kommunen
- du vil ta del i og gjennomføre utgreiingsarbeid knytt til tiltak for barn og unge både enkeltvis og i grupper
- du vil aktivt arbeide med rettleiing og rådgiving av tilsette i skular, og i møte med barn og familiar
- du vil skrive sakkunnige vurderingar etter opplæringslova
- du vil vere med i utviklinga av PPT og i samordning av tverrfagleg innsats
- du skal medverke til at barn, foreldre og samarbeidspartnarar opplever at dei blir møtte med respekt og at dei får støtte og hjelp til positiv utvikling og læring
Kvalifikasjonar:
- du må ha profesjonsstudium eller mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller anna relevant fagområde
- det er sterkt ønskeleg at du har erfaring frå PPT og/eller ein opplæringsarena, fortrinnsvis skulefeltet
- det er ønskeleg at du har utgreiings- og testkompetanse
- det er ønskeleg at du har erfaring og kompetanse med omsyn til ulike funksjonsvariasjonar
- du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, nivå B2 eller høgare
Vi søker deg som:
- har blikk for meistringsstrategiar hos barn, samt forståing for heilskap og samanheng i kvardagen til barn
- har gode kommunikative ferdigheiter og evne til å skape tillit
- har evne og motivasjon for endrings- og utviklingsarbeid
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- har evne til å prioritere og gjennomføre oppgåver i ein arbeidskvardag med høgt tempo
- har evne til å samarbeide tett med kollegaer i oppgåver med førebygging, utgreiing eller i samskriving av sakkunnige vurderingar
- likar å jobbe i team og trivst i eit tverrfagleg miljø, er nysgjerrig og undrande, open for andre sine meiningar og erfaringar, og likar å arbeide saman med andre for å finne gode løysingar
- har god evne til refleksjon over oppdraget og tenesteutøvinga til PPT
- bidreg aktivt til å halde ved lag og utvikle eit godt arbeidsmiljø
- bidreg til å byggje eit godt PP-team
Samansetting av tilsettgruppa med omsyn til både kompetanse, ferdigheiter og personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr:
- spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein kommune med høge ambisjonar på vegner av barn og unge
- eit aktivt fagmiljø i utvikling, med mange spennande utfordringar i samarbeid med kollegaer som har variert og høg fagkompetanse, og som har fokus på måloppnåing og gode resultat
- moglegheit for fleksibel arbeidstid i tråd med fleksitidsordninga til Sunnfjord kommune
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn basert på sentrale tariffavtalar og den lokale lønspolitikken til Sunnfjord kommune. Løn blir avtalt ut frå kompetansen din og erfaringa di
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
07.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6632111Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Helsesjukepleiar / sjukepleiar ved Gol Helsestasjon – 100 % fast stilling
Gol kommune
GOL -
Helsefagarbeider, 80-100 % fast stilling
Sula kommune
LANGEVÅG -
Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Sula kommune
LANGEVÅG -
Helsesjukepleiar -100 % fast stilling / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiarar til Fjaler sjukeheim
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD