Ledig stilling

Ål Kommune

Helsesjukepleiar / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus frå 15.8.26-30.6.27

Offentlig forvaltning

Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?

Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?

Ynskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?

Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!

Me har ledig 100% midlertidig stilling som helsesjukepleiar frå d.d

Kvalifikasjonar

  • utdanning som helsesjukepleiar
  • sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke
  • interesse for oppfølging av barn og familiar.
  • god munnleg og skrifteleg framstillingsevne
  • den som blir tilsett  må ha førarkort kl. B og må disponere bil.

Arbeidsoppgåver

  • helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner 
  • delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester
  • skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule
  • vaksinering
  • andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov

 Personlege eigenskapar

 Me ynskjer at du:

  • er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar
  • er ein god relasjonsbyggjar
  • god på kommunikasjon og rettleiing
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er positiv og løysingsorientert
  • har evne til nytenking

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 Me tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
  • eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP

 Me har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål. 

 Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

Velkomen som søkjar!