Company
Ål KommuneApplication deadline
18.06.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6242748Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
Pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning
Som tilsett i Sundre barnehage er vi tilsette som støttar og er saman med barna i leik og aktivitet gjennom dagen. Slik skal vi bidra til at barna trivs og utviklar seg og at vi i vår kvardag arbeidar i tråd med overordna føringar for arbeidsmiljø og barnehage. Vi ser kvarandre som like verdifulle og møter kvarandre med varme, interesse og respekt. I møte med kvarandre, barn og føresette arbeidar vi med hovud, hjarte og hender. Det vil seie at vi har fagleg kunnskap, omsorg og tydelegheit, samt vilje og evne til å sette desse ut i praksis. Vi har evne og vilje til fornying i ein positiv undringskultur, der vi skapar samanheng mellom nye og eksisterande moment.
Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap. Ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
- Kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som:
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna
- Er ein leikande og profesjonell vaksen
- Er ein positiv rollemodell for medarbeidarane sine, barn og føresette.
- Er bevisst på verdien av å verne om leiken.
- Har evne til å skape engasjement og styrke utviklinga hos barna.
- Bidreg til ei god og fagleg drift av barnehagen.
Vi tilbyr
- Ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb.
- Eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar, der arbeidsglede er høgt verdsett.
- Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
- Eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
- God pensjonsordning.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
18.06.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6242748Look here for other jobs from Ål Kommune