Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
15.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6244577Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Arbeidsleiar - Flyktningar i arbeid
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gol kommune søkjer ein engasjert og handlekraftig arbeidsleiar til prosjektet "Flyktningar i arbeid" i ei 100 % fast stilling. Stillinga er praktisk retta og vil i stor grad føregå ute i felt, der du får jobbe tett med både menneske og varierte oppgåver. Har du praktisk erfaring, trivst med folk og ønskjer å gjere ein forskjell? Då kan dette vere jobben for deg!
"Flyktningar i arbeid" er et viktig kommunalt prosjekt der 42 komunar deltek i arbeidet. Prosjektet har som mål å styrkje integreringa gjennom målretta arbeidspraksis, språkopplæring og tett oppfølging – slik at fleire flyktningar får moglegheit til å bidra i arbeidslivet og kjenne tilhøyrsle i lokalsamfunnet.
I denne rolla får du vere ein nøkkelperson i det daglege arbeidet med å følgje opp og motivere teamet ditt. Saman skal de utføre meiningsfulle og varierte oppgåver ute i praksis.
Som arbeidsleiar vil du:
- Koordinere teamet ditt
- Organisere og leie arbeidet
- Bistå med arbeid og rettleiing
- Vere ein føregangsfigur for teamet ditt
- Følgje med i FDV-systemet og utføre oppgåver etter kvart som dei vert rapporterte inn
- Rettleie teamet ditt gjennom arbeidsveka
- Rapportere til avdelingsleiar drift og vedlikehald
Vi ser etter deg som:
- Har gode relasjonskunnskapar og trivst med å motivere andre
- Er strukturert, løysingsorientert og tek ansvar
- Er praktisk anlagt og har «stå på»-vilje
- Har gode samarbeidsevner og ei medmenneskeleg framferd
- Har god evne til å kommunisere og samhandle med ulike menneske
- Kan kommunisere godt på norsk og engelsk
- Har førarkort klasse B (ønskeleg med BE)
Relevant fagbrev, teknisk bakgrunn eller erfaring frå liknande arbeid er ønskjeleg, men personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr:
- Variert og meiningsfull arbeidshverdag i eit godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling og kompetansebygging
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar og lovverk
Om verksemda:
Verksemd eigedom i Gol kommune har ansvar for planlegging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Verksemda omfattar:
- Avdeling for drift og vedlikehald
- Avdeling for reinhald
- Prosjekt
Totalt har verksemda 35 tilsette. Du vil bli ein del av eit triveleg fagmiljø med høg kompetanse og eit sterkt engasjement for kvalitet og samfunnsansvar.
Søknad og politiattest:
- Vitnemål og attestar legg du ved saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
15.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6244577Se her for andre jobber fra Gol kommune