Company
Øygarden kommuneApplication deadline
19.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5979045Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Pedagogisk leiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om barnehagen:
I Marihøna barnehage har vi fire avdelingar der det til ein kvar tid er ein eller to avdelingar for barn frå 0-3 år. Samansetjinga og gruppestørrelsar kan variere frå år til år, men innan bemanningsnorma. Totalt er barnehagen godkjent for 87 barn, dersom alle er over 3 år.
Barnehagen ligg på Hjelteryggen, og har fått eit flott uteområde (oppgradert i 2016). Uteområdet er variert, med mykje ulendt terreng på barnehagen si bakside. Her får barna gode moglegheiter til å utfolde seg. I nærmiljøet finn vi ulike tur områder som vi nytter; «Edderkopphula» i sør, leirområdet nord i skogen, vasstårnet og Kyrkjevegen i vest. Personalet vil gjere seg kjent i nærmiljøet, nytte dei ulike stadene for leik og læring som finns i nærmiljøet til barnehagen, og knytte dette til pedagogisk innhald og fagområda i rammeplanen. Ein dag kvar veke har avdelingane som mål å gå på tur i nærmiljøet.
Visjon og mål : Ein god start på livet!Vi har ein visjon som seier noko om kva vi vil, og kva som er viktig for oss; å gje barna som går her i barnehagen ein god start på livet. I Marihøna barnehage skal det være trygt og godt å være- og barna skal oppleve å verta møtt og sett. Vi skal møte barna med varme, omsorg, humor og glede. Vi vil jobbe for at alle barna viser omsorg for kvar andre, at alle får oppleve fellesskap og vennskap, og at det er lov å være ulike.
Satsingsområda til barnehagen :- Fokus på språk, mangfald og gjensidig respekt , natur og miljø.
- De utrolege årene og Dinosaur – skule.
I Marihøna barnehage skal små og store bli sett og føle seg trygge i ein meiningsfylt, inkluderande og anerkjennande kvardag.
Arbeidsoppgåver:- Som pedagogisk leiar har du det faglege ansvaret for vidareutvikling av barnehagen som ein god lærings- og omsorgsarena for barn med Rammeplanen som styringsdokument
- Ansvar for å leie barnegruppa og samarbeide tett med føresette.
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet frå planlegging til dokumentasjon, i tett samarbeid med resten av personalet.
- Sjå kvart barn, gje omsorg og ta initiativ til leik og aktivitetar som skapar samhandling, relasjonar og vennskap barna i mellom.
- Bidra til eit godt samarbeid på tvers i barnehagen og med andre tenester
- Bidra til høg delingskultur slik at barnehagen vert ein lærande organisasjon som gjer kvarandre god.
- Foreldresamarbeid
- Personalleiing
- Barnehagelærarutdanning
- Godkjent politiattest
- Erfaring med arbeid i barnehage
- Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis
- Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhald.
- Sjå kvart barn, gje omsorg og ta initiativ til leik og aktivitetar som skapar samhandling, relasjonar og vennskap barn i mellom
- Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Vera ein motiverande leiar og rettleiar for personalet på eigen avdeling
- Er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- Kan sei ifrå til andre når du ser noko som ikkje stemmer
- Stiller krav til kvalitet av deg sjølv og dei rundt deg
- Du kan arbeide sjølvstendig og er løysningsorientert i ein hektisk kvardag
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig stilling som barnehagelærar
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA - bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Einingsleiar: Therese Frostad , therese.frostad@oygarden.kommune.no ,
mobil: 40851699
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
19.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5979045Look here for other jobs from Øygarden kommune
-
Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Barne- og ungdomsarbeidarar / assistentar som ringevikar.
Øygarden kommune
STRAUME -
Pedagogisk leiar - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Tilkallingsvikar
Aukra kommune
AUKRA -
Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND