• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    21.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Vikariat
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6164959
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Oppvekst

Fagarbeidar skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer barne- og ungdomsarbeidarar/fagarbeidarar til vikariat for skuleåret 2025/26.

Me ynskjer deg som kan vera med å gjera kvardagen god og trygg for barna våre. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling. Dei vaksne er dei viktigaste reidskapane for å få til god kvalitet for barna.

Me har fokus på gode relasjonar og meistring hjå barna også når åtferd kan utfordra. Som fagarbeidar vert du ein del av laget kring barna, der målet alltid er at barnet skal ha eit trygt og godt miljø og få hjelp til fagleg og sosial utvikling. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å skapa ein god kvardag for både det einskilde barnet og barnegrupper, i samarbeid med lærar/støtteteam
  • Tilrettelegga fagleg og sosialt for elevar i skule og SFO både innandørs og utandørs
  • Vera badevakt for symjeundervisning 
  • Vera ein trygg vaksen og leggja til rette for leik og læring
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
  • Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i skulen

Kvalifikasjonar

  • Ynskje om fagbrev som barne og ungdomsarbeidar, men me er og interessert i deg som har anna relevant utdanning eller yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i skulen
  • Erfaring frå arbeid i skule er ein fordel
  • Krav om godkjent livredningskurs - eller vilje til å gjennomføra dette
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden

Personlege eigenskapar

Me treng fagarbeidarar som:

  • Har eit positivt barnesyn - "Barn gjer så godt dei kan"
  • Har godt humør, tek ansvar, finn løysingar og arbeider sjølvstendig
  • Er fagleg oppdaterte og evnar å inspirera og engasjera barn
  • Klarer å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Møter andre med respekt
  • Påliteleg og omsorgsfull
  • Viser høg etisk standard

Me tilbyr

  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. 

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    21.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Vikariat
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6164959
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad