• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    05.06.2023
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5202690
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 23.05.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Morsmålsassistent Ukrainsk

Offentlig forvaltning

Sundre barnehage er ein stor barnehage med eit tydeleg fagmiljø, der drift og utvikling balanserer. Me har eit mangfold av barn og tilsette frå ulike nasjonar, der me ynskjer at kvart menneske skal få skinne. Sundre barnehage ligg sentralt plassert i Ål sentrum og har seks avdelingar. 

Sundre barnehage har ledig eit midlertidig engasjement som morsmålassistent for barnehageåret 2023/2024 i 100% stilling. Som morsmålassistent vil du jobbe tett med barna som har ukrainsk som morsmål. Du vil og bistå i kommunikasjon med føresette. 

Kvalifikasjonar

  • kunne prate Ukrainsk, helst flytande

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ønskjer søkjarar som:

  • kan vera ein trygg og tydeleg vaksen for barna
  • er ein leikande vaksen
  • ha gode samarbeidsevner
  • likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • kan uttrykke seg noko på norsk.

Me tilbyr

  • ein barnehage med eit sterkt fagleg miljø
  • ei personalgruppe med engasjerte tilsette og mange fantastiske barn  
  • pensjonsordning i KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. 

Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. 

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    05.06.2023
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5202690
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 23.05.2023