Company
Ål KommuneApplication deadline
05.06.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5202690Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 23.05.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Morsmålsassistent Ukrainsk
Offentlig forvaltning
Sundre barnehage er ein stor barnehage med eit tydeleg fagmiljø, der drift og utvikling balanserer. Me har eit mangfold av barn og tilsette frå ulike nasjonar, der me ynskjer at kvart menneske skal få skinne. Sundre barnehage ligg sentralt plassert i Ål sentrum og har seks avdelingar.
Sundre barnehage har ledig eit midlertidig engasjement som morsmålassistent for barnehageåret 2023/2024 i 100% stilling. Som morsmålassistent vil du jobbe tett med barna som har ukrainsk som morsmål. Du vil og bistå i kommunikasjon med føresette.
Kvalifikasjonar
- kunne prate Ukrainsk, helst flytande
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ønskjer søkjarar som:
- kan vera ein trygg og tydeleg vaksen for barna
- er ein leikande vaksen
- ha gode samarbeidsevner
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
- kan uttrykke seg noko på norsk.
Me tilbyr
- ein barnehage med eit sterkt fagleg miljø
- ei personalgruppe med engasjerte tilsette og mange fantastiske barn
- pensjonsordning i KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
05.06.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5202690Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 23.05.2023