Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
05.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5993227Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljøterapeut 80% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Vil du jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Dei tilsette ved senteret skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast stilling som miljøterapeut i bufellesskap for vaksne utviklingshemma. Vi har årsturnus og stillinga har turnus med langvakter både vekedag og helg.
Arbeidsoppgåver:Du må trivast saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver knytt til stell, pleie og aktivitet.
- Omsorg og pleie av brukarar ved senteret
- Delta i aktivitetar med brukarane.
- Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
- Kjenna til og etterleva gjeldande rutine i vårt kvalitetssystem
- Rettleia elevar, studentar og lærlingar
- Autorisasjon fortrinnsvis som vernepleiar eller sjukepleiar
- Gyldig politiattest
- Sertifikat klasse B.
- Erfaring med og engasjement for brukargruppa
- Fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson
- Er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Løysingsorientert
- Engasjerer deg og er positiv i møte med både brukarar og pårørande
- Likar nye utfordringar
- Du evner å takle hektiske arbeidsdagar når det er nødvendig
- Egna personlegdom vert vektlagt.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Avdelingsleiar Astrid Geitle: 913 19 622
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
05.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5993227Se här för andra jobb från Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 100% fast stilling ved Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Fleire stillingar som miljøterapeut i døgnturnus og langvaktsturnus i 100%
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 20% fast helg med langvakter
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 80 % fast
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 70% fast
Øygarden kommune
Skogsvåg