• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    28.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6382255
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Vacancy

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande. Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.

I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler.

Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

 Vi har ledig: 

 

100 % fast stilling som miljøterapeut

Stillinga er i utgangspunktet turnusarbeid (dag/kveld og mogleg helg) og ligg til sone Førde. Grunna omorganisering vil ein også vurdere om stillinga skal vere knytt til dagarbeid. Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og ein må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. Skulle det komme eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, kan det verte aktuelt å jobbe der i kortare periodar. Søkar må ta høgde for å måtte arbeide delar av tida i sone Sande ein periode, då ein har redusert bemanning grunna foreldrepermisjon.


Kvalifikasjonar:
  • Relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Personar med pedagogisk utdanning vil også verte vurdert.
  • Ynskjeleg med vidareutdanning innan feltet rus og rusproblematikk. Også vidareutdanning psykisk helsearbeid, vert vurdert til å vere relevant. Relevant erfaring kan vurderast som kompensasjon for manglande vidareutdanning.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter.
  • Førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som har:
  • gode samarbeidsevner
  • positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • strukturert
  • sjølvstendig og trygg
  • fleksibel og løysningsorientert
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet

 

Arbeidsoppgåver:
  • oppfølging av tenestemottakarar
  • dokumentere i relevant fagsystem
  • arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
  • bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen

 

Vi tilbyr:
  • tverrfagleg arbeid
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Tiltreding i stilling frå snarast. Akuelle søkarar vert kalla inn til intervju.


Du må søke elektronisk.


Velkommen som søkar!

Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden.

 

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    28.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6382255
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune