Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår.

Vi skal 01.09.2025 starte eit pilotprosjekt med langvakter for sjukepleiarar med 14,5 timar/dag kvar 6.helg. Vi kan tilby både vanlege vakter og/eller langvakter på 12.5 timar/dag i vekene. 

Vi ser etter deg som er trygg i rolla som sjukepleiar, har eit varmt engasjement for menneske og ynskjer å bidra til eit miljø der både pasientar og kollegaer kjenner seg verdsette. Vi er ei lita og triveleg eining med eit arbeidsmiljø du vil trivast i frå første dag. Her kjenner alle kvarandre, og du blir ein viktig del av eit team som støttar, løftar og ler saman – kvar dag.  Høyrest dette ut som noko for deg? 

 

Vi søker deg som:
  • har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
  • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
  • har evnar både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
  • er trygg på eigne avgjerder
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr:
  • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • pasientnært og fagleg fokus
  • spanande og faglege utfordringar
  • leiing som er nær

Vi disponerar bilar i tenesta vår.

 

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon
  • gyldig politiattest
  • førarkort klasse B
  • du må kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg
  • god IT-kunnskap

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden