• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    10.08.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6310559
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.

Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.

Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.   

I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersle.

Vi ønsker å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. Oppmodar menn om å søke, då vi ønsker å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

Vi har ledig følgande stilling:
  • 100 % fast stilling som miljøterapeut

Stillinga er i utgangspunktet turnusarbeid (dag/kveld og mogleg helg) og ligg til sone Førde. Grunna omorganisering vil vi også sjå på og vurdere om stillinga skal vere knytt til dagarbeid. Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og du må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. Skulle det komme eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, kan det verte aktuelt å jobbe der i kortare periodar.

Du må ta høgde for å måtte arbeide delar av tida i sone Sande i ein periode, då vi har redusert bemanning grunne foreldrepermisjon.

Krav til kvalifikasjonar:
  • relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk
  • førarkort klasse B

Det er ønskeleg med vidareutdanning innan feltet rus og rusproblematikk. Også vidareutdanning psykisk helsearbeid vert vurdert til å vere relevant. Relevant erfaring kan vurderast som kompensasjon for manglande vidareutdanning.

Vi legg vekt på at du: 
  • har gode samarbeidsevner
  • er positiv, nysgjerrig og reflektert
  • er strukturert
  • er sjølvstendig og trygg
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøtet
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • oppfølging av tenestemottakar
  • dokomentere i relevante fagsystem
  • arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
  • bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar
  • god pensjon- og forsikringsordning
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Du søker elektronisk. Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.   

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    10.08.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6310559
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune