Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
15.07.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6267313Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ha ein jobb der både fagkompetansen og omsorga di har betydning kvar dag – for dei som treng det mest?
Vi søker etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Du får vere med i eit team som spelar kvarandre gode – har høg kompetanse, høgt tempo, mykje humor og ekte omsorg.
Naustdal omsorgssenter er det minste av seks omsorgssenter i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heildøgnsomsorg for personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Eininga har 20,89 årsverk.
Hos oss møter du kollegaer med brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg.
Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.
Vi har ledig:- 100 % stilling fast stilling for sjukepleiar
Du får ein variert kvardag i 3 -delt turnus, og det er mogeleg å jobbe langvakter og 4. kvar helg med samla langfri om du ønsker.
Kvalifikasjonskrav:- har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherskar norsk godt - både munnleg og skriftleg
- er engasjert og lærevillig
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- har grunnleggande datakunnskapar - vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
- er endringsvillig og løysningsorientert
- er trygg på å jobbe både sjølvstendig og i team
- er trygg på å ta ansvar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillinga.
Vi tilbyr deg:
- eit arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar
- ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg
- moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande miljø
- variert arbeidskvardag
- ein arbeidsplass det er lett å trivast på
- fleksible turnusløysingar med moglegheit for å jobbe langvakter og 4. kvar helg med samla langfri
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- rekrutteringstillegg på kr 20 000,-
Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om pasientane og kvarandre.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
15.07.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6267313Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Sjukepleiar 80% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helgestillingar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Sjukepleiar/vernepleiar 2*100% fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar og vernepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Sjukepleiar i heimetenesta - hhv 70% på natt og 70% i 2 delt turnus - faste stillingar - Utvida søknadsfrist
Askvoll kommune
ASKVOLL