Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6626207Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljøterapeut 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Skogsvåg skule ligg like sør for Skogsskiftet. Frå skulen er det om lag 15 minutt å køyra til Straume. Skulen ligg i et flott naturområde, med kort veg både til toppen av Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen. Skulen skal no tilsetja ein miljøterapeut. Stillinga følgjer arbeidsåret og arbeidstida til lærarane. Stillinga inneheld undervisningstid, elevretta tid, samt bunden og ubunden tid. Miljøterapeuten får ein nøkkelfunksjon ved skulen og skal arbeida tett på elevane. I skuleåret 2025/26 oppretta skulen ein operativ meistringsarena med tilbod gjennom heile veka. Elevar på tvers av trinn får tilbod om undervisning i mindre grupper og her får miljøterapeuten ei sentral rolle. Øygarden kommune arbeider etter BTI-modellen (betre tverrfagleg innsats) og har faste BTI-møte. Miljøterapeuten deltek i dette arbeidet og får samarbeide inn mot BTI-arbeid, skulemiljøsaker og enkeltelevar som treng ekstra støtte. Vi vil tilby ein skreddarsydd timeplan ut ifrå behova til skulen og elevane, og arbeidsplan vil vera ferdig utforma.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegging og undervisning i ITO (individuelt tilrettelagt opplæring)
- Samarbeid med skule/heim og andre instanser som PPT og barnevern
- Arbeid med skulemilljøsaker og tiltaksplanar
- Ansvar inn mot meistringsarena og systemarbeid
- Oppfølging av enkeltelevar og elevar med ulike diagnosebilete
- Deltaking i BTI møter
- Brubyggjar mellom det pedagogiske og sosialfaglege
- Uteskule, symjing og tilsyn i friminutt
- Deltaking i BTI-møter
- Grunnskulelærarutdanning eller anna relevant høgare utdanning (t.d. vernepleiar, politi, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller tilsvarande)
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Kompetanse i -og erfaring med oppfølging av born med særskilte behov
- Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling
- Har erfaring i å møte born og føresette i ein særskilt livssituasjon
- Vil bidra til eit godt læringsmiljø både fagleg og sosialt
- Er god på konflikthåndtering og grensesetting
- Tolmod: Å arbeida med sårbare barn eller barn med særskilte behov krev ofte stor grad av tålmod hos dei vaksne, då barna kan trenga lang tid på å lære seg nye ting og tilpasse seg nye situasjonar.
- Observasjonsevner og tilpassingsdyktighet: Kvart barn er unikt og stiller ulike krav til oss vaksne sine evner til å forstå dei og deira kjensler. Difor må du kunne observere barna og gjere nødvendige tilpassingar og oppfølging.
- Samarbeidsevner: Du samarbeider godt med kollegaene dine. Du deler av kunnskap, bidreg aktivt i utforminga av barnas kvardag. Du er fleksibel og løysningsorientert med stor arbeidskapasitet.
- Stressmeistring: Nokre av desse barna kommuniserer mykje gjennom åtferda si. Du står trygt og godt i situasjonar saman med barn som har sterkt uttrykk, utagerer, og du evnar å ha ei konstruktiv tilnærming til dette. Du trivst i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø.
- Positivt elevsyn: Du tenkjer at alle barn kan lære og utvikla seg, og du leitar etter og byggjer vidare på dei positive augneblikka gjennom kvardagen til elevane.
- Praktisk arbeid: Du trivst med og likar å arbeide praktisk med elevar. Dette kan t.d vere å ta med ei gruppe på kjøkkenet, musikk, idrett, leiketime, speltime, friluftsgruppe eller arbeidsgruppe.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontaktperson: Ingrid Bildøy Hestad
Stillingstittel: Rektor
Telefon: 920 86 075
E-post ingrid.hestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6626207Se her for andre jobber fra Øygarden kommune