Ledigt jobb

Øygarden kommune

Miljøarbeider 67% fast natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Straumsfjellet avlasting er lokalisert sentralt på Straume og yt avlastning til familiar med born og unge med nedsett funksjonsevne. Avlastningsbustaden har totalt 7 plasser og er fysisk tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar. Det er lagt vekt på å gje trygg og god avlastning tilpassa den einskilde sine behov. Personalgruppa er stabil og tverrfagleg samansett.

Stillinga er ledig frå snarast. Nattevaktslengda er 10 timer.

Arbeidsoppgåver:
  • Vaken nattevakt – stell og pleie av brukare på kveld og morgon.
  • Tilsyn og syte for å tryggje brukare gjennom natta
  • Medisinhandtering
 Kvalifikasjonar: 
  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
 Ønskjeleg med:
  • Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne og epilepsi
 Personlege eigenskapar:
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna
 Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
 Kontakt:

Avd.leiar Straume avlasting Sylvia Breur tlf. 55 09 68 97 / 41 18 16 04

Leiar, Forvaltning og Støttetenester, Monica Førde Landro tlf. 95 80 85 36

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.