• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    20.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6279960
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Miljøarbeidar på ungdomsklubb

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du motivert for å jobbe med ungdom, aktivitet, samhald og gode møteplassar? Då har vi jobben for deg!

I september 2025 opnar nye Førde ungdomsklubb i nye og flotte lokale på Førdehuset. Klubben vil vere open tysdag til torsdag frå kl. 14.30 til 20.00. Her skal ungdom få ein trygg og spanande arena der dei kan vere seg sjølv, møte nye og gamle venner og delta på ulike fritidsaktivitetar.

Vi har ledig stilling: 
  • 60 % fast stilling som miljøarbeiar

Stillinga følger skuleåret. Du vil jobbe ca. 67 % i skulevekene.

Arbeidsoppgåver: 
  • Utvikle og tilretteleggje aktivitetar og tilbod i tråd med ungdom sine behov og interesser.
  • Bidra til eit inkluderande og trygt miljø for alle ungdommar.
  • Planleggje og gjennomføre arrangement og aktivitetar i samarbeid med både ungdommen sjølv og ulike samarbeidspartnarar.
Krav til søkar: 
  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og/ eller
  • relevant erfaring med og for ungdom
  • god norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne
  • personlege eigenskapar vert vektlagt

Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.

Vi søker deg som: 
  • vil vere med å bygge eit nytt og framtidsretta ungdomstilbod i Sunnfjord
  • er trygg, raus og god på relasjonar – særleg med ungdom
  • har pågangsmot, engasjement og tør å ta initiativ
  • jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre
  • har blikk for inkludering og trivsel i ungdomsmiljø
  • kan jobbe aktivt med sosiale medium og digital kommunikasjon
  • har god digital kompetanse – erfaring med sosiale medium og/eller kjennskap til e-sport er eit pluss
Vi tilbyr:
  • eit spennande og meiningsfullt arbeid der du får vere tett på ungdomsmiljøet
  • moglegheit til å vere med å forme ein ny møteplass for ungdom i Sunnfjord
  • eit godt og engasjert fagmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    20.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6279960
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune