Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
20.07.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6279960Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Miljøarbeidar på ungdomsklubb
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du motivert for å jobbe med ungdom, aktivitet, samhald og gode møteplassar? Då har vi jobben for deg!
I september 2025 opnar nye Førde ungdomsklubb i nye og flotte lokale på Førdehuset. Klubben vil vere open tysdag til torsdag frå kl. 14.30 til 20.00. Her skal ungdom få ein trygg og spanande arena der dei kan vere seg sjølv, møte nye og gamle venner og delta på ulike fritidsaktivitetar.
Vi har ledig stilling:- 60 % fast stilling som miljøarbeiar
Stillinga følger skuleåret. Du vil jobbe ca. 67 % i skulevekene.
Arbeidsoppgåver:- Utvikle og tilretteleggje aktivitetar og tilbod i tråd med ungdom sine behov og interesser.
- Bidra til eit inkluderande og trygt miljø for alle ungdommar.
- Planleggje og gjennomføre arrangement og aktivitetar i samarbeid med både ungdommen sjølv og ulike samarbeidspartnarar.
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og/ eller
- relevant erfaring med og for ungdom
- god norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:- vil vere med å bygge eit nytt og framtidsretta ungdomstilbod i Sunnfjord
- er trygg, raus og god på relasjonar – særleg med ungdom
- har pågangsmot, engasjement og tør å ta initiativ
- jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre
- har blikk for inkludering og trivsel i ungdomsmiljø
- kan jobbe aktivt med sosiale medium og digital kommunikasjon
- har god digital kompetanse – erfaring med sosiale medium og/eller kjennskap til e-sport er eit pluss
- eit spennande og meiningsfullt arbeid der du får vere tett på ungdomsmiljøet
- moglegheit til å vere med å forme ein ny møteplass for ungdom i Sunnfjord
- eit godt og engasjert fagmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
20.07.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6279960Look here for other jobs from Sunnfjord kommune