• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    12.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5799970
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Miljøarbeidar 50% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Åttringen omsorgsteam yt tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader knytt til ein base. Det er fellesmåltid to gongar i veka og andre fellesaktivitetar i regi av basen. Turnusen har langvakter med arbeid 4 kvar helg, kor det i vekene vil være primært seinvakter.

Arbeidsoppgåver:
  • Dagleg omsorg og målretta miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
  • Medikamenthandtering
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø.
  • Dokumentasjon i fagjournal.
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Fagbrev innan helsefagleg utdanning
  • Søkjar med anna relevant praksis og erfaring kan bli vurdert
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9.
Personlege eigenskapar:
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til nytenking og utvikling av tenesta
  • Evne til samarbeid, men også å kunne jobbe sjølvstendig
  • Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for målgruppa
  • Evne til å byggje relasjonar

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Anna:
  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
  • Stillinga er ledig frå 10.08.24
Vi tilbyr: Kontakt:

Avd.leiar Åttringen Vivian Kvinge tlf 55 09 73 11/ 41 41 55 21

Einingsleiar Kristin Straume tlf 99 79 95 26

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    12.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5799970
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune