• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5763672
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Kokk med fagbrev 60% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Litt om Tednebakkane omsorgssenter

Tednebakkane omsorgssenter ligg i naturskjønne med utsikt mot Hjeltefjorden i Rong i Øygarden kommune. På Tednebakkane omsorgssenter er det to avdelingar for somatisk -og demens samt dagavdeling. Totalt er det 45 langtidsplassar på huset. Vi har også eige kjøkken og kantine, kor hovudkjøkkenet har ei nydeleg utsikten mot sjøen.

Ønskjer du å være ein del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkomen til å søkje jobb hos oss som ny kokk på vårt flotte hovudkjøkken.

Kort om stillinga:

Hovudkjøkkenet på Tednebakkane omsorgssenter er eit moderne kjøkken som produserer mat etter nasjonale rettningsliner for kosthold med fokus på tradisjonsmat.

Kjøkkenet produserer etter to ulike produksjonsmetodar, varmmat til kvardager og kok & kjøl til helg. Vi prooduserar både til Tednebakkane omsorgssenter og til ein annan institusjon i kommunen.

Vi produserar også mat til møter, kurs og andre arrangement i kommunen, i tillegg til å drifte kantine på huset.

Hos oss vil du aldri berre være ein i mengden, du vil få tillit og ansvar. Samtidig som du blir ein del av ei kultur som støttar kvarandre, vil det også være mulighet for å ta ekstravakter ved behov

Arbeidsoppgåver:
  • Kokkefaglige oppgåver, både på varmt- og kaldtkjøkken
  • Følgje IK-mat rutiner
  • Matvarebestilling, varemottak
  • Utføre reinhald og rutiner som sikrer trygg mat.
Kvalifikasjonar: 
  • Kokk med fagbrev
  • Ha kunnskap om ulike typar diettar og spesialkost
  • God kunnskap om mattrygghet og næringsmiddelhygiene
  • Ha eit bevist forhold til matsvinn og bærekraftig matlaging
  • Ha god kjennskap til IK-mat/HACCP
Vi ser etter ein kandidat som:
  • Jobbar sjølvstendig, men også i team
  • Er opptatt av fagutvikling
  • Er serviceinnstilt og samarbeidar godt.
  • Har erfaring med ulike kokemetodar
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontaktperson:

Fagleder Anne Grete Andersen aga@oygarden.kommune.no tlf:56122743/92856310

Einingsleiar Hilde Elin Nilsen hilde.elin.nillsen@oygarden.kommune.no tlf 47796852

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5763672
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune