• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    09.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5994745
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Medarbeider BUA-Sunnfjord

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

BUA (Barn – Unge – Aktivitet) er ein nasjonal, ideell organisasjon som lånar ut gratis utstyr til sport og friluftsliv. BUA har rundt 270 utstyrssentralar i Norge, der vi finn BUA-Sunnfjord blant desse. Eit av hovudmåla til BUA er å gje fleire moglegheit til å vere fysisk aktive og prøve ulike aktivitetar, utan å vere avhengig av å kjøpe utstyret sjølv.     

BUA-Sunnfjord er no på utkikk etter ein medarbeidar for 2025. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og vil innebere blant anna det å handtere inn- og utleigesystem, enkelt vedlikehald av utstyr og sørge for god orden og kontroll i lokala. Det vil vere ein fordel om du har erfaring med sportsutstyr.

Arbeidstid vil i hovudsak vere ettermiddag og helg, men vil variere noko utifrå sesong. Til dømes vil det vere større pågang og behov for jobb i vintersesongen. Det må også påreknast jobb i skuleferiar og høgtider. 

 

Vi har ledig:

  • 10-15% mellombels stilling som medarbeidar på BUA

 

Krav til søkar:

  • beherskar norsk både munnleg og skriftleg
  • har grunnleggande datakunnskapar
  • du har fylt eller fyller 16 år i løpet av kalenderåret 2025

 

Vi søker deg som:

  • er løysingsorientert og sjølvstendig
  • samarbeider godt med andre
  • er strukturert og god på å halde orden
  • taklar stor pågang og stressande situasjonar

 

Høyres dette interessant ut?

Send oss ein søknad og CV på e-post: buasunnfjord@sunnfjord.kommune.no

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    09.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5994745
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune