Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5977048Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Medarbeidar tilsyn / sakshandsaming utslepp 100% fast stilling
Offentlig forvaltning
Vatn er ein av våre viktigaste ressursar. Saman med oss vil du sørge for god vasskvalitet og bidra til å ivareta naturen i Hallingdal. Dine oppgåver er å følgje opp vassdirektivet, handsame utsleppssøknadar og føre tilsyn med private avløpsanlegg. Fine sommardagar kan du stikke frå kontoret og vera ute i felt.
Avdelinga er vertskap for kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning (KAV) for kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå, lokalisert på Torpomoen.
Arbeidsoppgåvar:
- tilsyn og oppfølging av små avløpsanlegg
- kartlegging og oppfølging av oljeutskiljar
- sakshandsaming etter PBL/forureiningsforskrifta for avløpsanlegg
- opprydding i spreidd avløp
- rapportskriving etter tilsyn
Me ønskjer at du:
- har relevant utdanning, praksis eller erfaring med spreidd avløp
- brenn for å ivareta natur og miljø
- har erfaring frå avløpssaker og kommunal sakshandsaming
- har kjennskap til ulike reinseprosessar i større avløpsreinseanlegg
- har gode IKT ferdigheiter
- vilje og evne til å lære nytt
- er serviceinnstilt, ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg på norsk
- likar og har evne til å koma i kontakt med andre
Søkjarar må ha førarkort for bil.
Me tilbyr:
- varierte, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- arbeid ute i felt i sumarhalvåret
- løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
Søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte kommunalsjef Reidun Aaker tlf. 99287854 eller kontorleiar Glen Arvid Valstad tlf. 47825348. Vi ser fram til å motta søknadan din!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5977048Se her for andre jobber fra Ål Kommune