Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
24.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5949280Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Velkommen til Sogndal – og bli en del av vårt herlege team!
Er du ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ynskjer å gjere ein forskjell i menneskjers liv?
Me søker deg som ynskjer å bli del av vårt team på korttid/rehab/KAD (kommunalt akutt døgntilbod) og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter.
Sogndal er kjent for sin storslåtte natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.
Kvifor jobbe i Sogndal kommune?
Som sjukepleiar på disse avdelingane vert du del av eit fagleg team med mykje erfaring og kompetanse.
Me har stor bredde i oppgåver og pasientgruppe, der me leverer alt frå akutte hendingar, rehabilitering og til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper, intravenøs og blodprøvar. Me samhandlar med spesialisthelsetenesta, pårørande og andre einingar i kommunen. Me har fokus på det gode pasientforløp og jobbar målretta med fagutvikling.
Me bryr oss om våre tilsette, der alle skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil få tett oppfølging og god opplæring. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Me har ei langtidsavdeling og ei rehab/korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Omsorgssenteret ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Me er med på prestisjeprosjektet Tørn i regi av KS. Målet med prosjektet er å finne gode og berekraftige løysingar på oppgåveutføringa i kommunen ilag med medarbeidarane. Dette betyr at du vil ha moglegheit til å vere med å påverke din eiga arbeidskvardag!
Om stillingane
Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar:
- Sjukepleiar 100 % fast stilling i turnus
- Sjukepleiar 100 % vikariat i eitt år
- Sjukepleiar 100 % fast stilling i turnus
- Sjukepleiar 100 % vikariat i eitt år
Vernepleiarar vil også verte vurdert til stillingane
Me startar med kalenderplan/årsturnus april 2025, med individuelle tilpassingar av turnus. Det vert moglegheit for langvaktar etter ynskje med jobb kvar 4.helg eller ordinære vakter kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver på langtidsavdeling, korttid, rehab og KAD. Blant anna oppgåver som sårstell, intravenøs, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering og lindrande behandling.
- Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL og bruk av NEWS
- Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.
- Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
- Vurdere behov og planlegge heilskapleg helsehjelp og tiltak i samarbeid med bebuar, pårørande, tilsynslege/fastlege, kollegaer og leiing.
- Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
- Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ivareta godt pårørandesamarbeid
- Legemiddelhandtering og administrering
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan rehabilitering, akuttsjukepleie for kommunehelseteneste, velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.
Personlege eigenskapar:
- Løysingsorientert og positiv
- Fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
- Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Takle ein variert arbeidskvardag
- Ansvarsfull og serviceinnstilt
- Open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson for stillingane er:
Anja Leirdal, avdelingsleiar korttid/rehab/KAD 40407889 Anja.leirdal@sogndal.kommune.no.no
Maria Buvik Nondal, avdelingleiar langtidsavdelinga, tlf: 40434807 maria.buvik.nondal@sogndal.kommune.no
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
24.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5949280Se her for andre jobber fra Sogndal kommune