• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    19.11.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5411144
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 20.10.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Me søkjar fleire dyktige lærarar til skulane i Ål!

Offentlig forvaltning

Me søkjer no etter fleire leikne og dyktige lærarar som kan tenkje seg å bli med på laget til Nedre-Ål og Skattebøl skule! Me har både faste og mellombelse 100% stillingar, og det er ønskeleg med snarast mogeleg oppstart.

Me treng deg som har godkjent lærarutdanning og som ønskjer å vere med å utvikle skulen vår vidare. Me ønskjer å finne nokon som har stort engasjement for elevane si læring, samt er nysgjerrig på å lære sjølv og likar å vere i utvikling. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen vår er: «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige».

Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing, Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Me oppfordrar både nyutdanna og erfarne lærarar til å søkje hjå oss!

Ønsket kvalifikasjonar

  • lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10 og/eller kompetanse i basisfaga
  • godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • kompetanse og erfaring med bruk av digitale verktøy

 Arbeidsoppgåver

  • undervisning og tilrettelegging på 1.-7. trinn
  • leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • vere med å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • vere ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • samarbeid med kollegaer og andre instansar
  • kontaktlæraransvar kan bli aktuelt

 Personlege eigenskapar

  • me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt
  • du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til å skape trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • du kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • du ser verdien av å arbeida saman som eit lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
  • du er positiv, fleksibel og løysningsorientert
  • du brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane

Me tilbyr

  • ein arbeidsplass med eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • humor og glede i kvardagen saman med gode elevar og kollegaer
  • ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • hjelp til å finne bustad
  • kontaktlærartillegg
  • god ordning for etter- og vidareutdanning
  • fantastiske moglegheiter for friluftsliv og kulturliv

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen hjå oss som søkjar!

Litt om skulene:

Nedre-Ål skule er full av engasjerte folk som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel. Me har to-lærarmodell i alle fag på 1. og 2. trinn, og i norsk, engelsk og matte frå 3. trinn, samt solide fagarbeidarar og eit team med supre miljørettleiarar. Skulen har 229 elevar på 1.-7. trinn.

Skattebøl skule er ein 1- 4 skule med 32 elevar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider. Personalet er innovative og har fokus på tilpassa opplæring.

 

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    19.11.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5411144
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 20.10.2023