Company
Ål KommuneApplication deadline
19.11.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5411144Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 20.10.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Me søkjar fleire dyktige lærarar til skulane i Ål!
Offentlig forvaltning
Me søkjer no etter fleire leikne og dyktige lærarar som kan tenkje seg å bli med på laget til Nedre-Ål og Skattebøl skule! Me har både faste og mellombelse 100% stillingar, og det er ønskeleg med snarast mogeleg oppstart.
Me treng deg som har godkjent lærarutdanning og som ønskjer å vere med å utvikle skulen vår vidare. Me ønskjer å finne nokon som har stort engasjement for elevane si læring, samt er nysgjerrig på å lære sjølv og likar å vere i utvikling. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen vår er: «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige».
Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing, Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Me oppfordrar både nyutdanna og erfarne lærarar til å søkje hjå oss!
Ønsket kvalifikasjonar
- lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10 og/eller kompetanse i basisfaga
- godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- kompetanse og erfaring med bruk av digitale verktøy
Arbeidsoppgåver
- undervisning og tilrettelegging på 1.-7. trinn
- leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
- vere med å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- vere ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
- samarbeid med kollegaer og andre instansar
- kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
Personlege eigenskapar
- me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt
- du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til å skape trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
- du kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- du ser verdien av å arbeida saman som eit lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
- du er positiv, fleksibel og løysningsorientert
- du brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane
Me tilbyr
- ein arbeidsplass med eit godt og utviklande arbeidsmiljø
- humor og glede i kvardagen saman med gode elevar og kollegaer
- ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
- rettleiing for nytilsette/nyutdanna
- hjelp til å finne bustad
- kontaktlærartillegg
- god ordning for etter- og vidareutdanning
- fantastiske moglegheiter for friluftsliv og kulturliv
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen hjå oss som søkjar!
Litt om skulene:
Nedre-Ål skule er full av engasjerte folk som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel. Me har to-lærarmodell i alle fag på 1. og 2. trinn, og i norsk, engelsk og matte frå 3. trinn, samt solide fagarbeidarar og eit team med supre miljørettleiarar. Skulen har 229 elevar på 1.-7. trinn.
Skattebøl skule er ein 1- 4 skule med 32 elevar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider. Personalet er innovative og har fokus på tilpassa opplæring.
Company
Ål KommuneApplication deadline
19.11.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5411144Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 20.10.2023