• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    23.10.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5956, HUNDVIN
    ALVER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6730404
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord

Ferger

Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.

I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri. 

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. 

Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.

Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander. 

Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • FSE e-læringskurs
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

 Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

    Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
  • Døgnskift - 2 veker på og 2 veker av, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    23.10.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5956, HUNDVIN
    ALVER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6730404
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA